Skogen på Grov
Skogen på Grov er stor og har både furu, gran, osp og bjørk. Kyrkja i Florø er bygd av skog frå Grov. Det er hogge ut mykje furu og planta oppatt med gran. Vi har kjøpt oss eige sagbruk og kan dermed lage eigne materialar. Leitar du etter noko utanom det vanlege kan det hende vi kan lage det her. Det kan vere grindbygg, ukanta kledning eller laftestokkar. Mesteparten av tømmeret vert selt til større kundar via Vestskog.
Vi produserar ved for sal. Dette er blandingsved, med størst innslag av furu. Vi leverer veden i storsekk.
Ta kontakt om du er interessert i ved frå Grov.
Utmark mellom to fjordar
Eigedomen vår strekkjer seg frå fjord til fjord, frå Eikefjorden i sør til Norddalsfjorden i nord. Utmarka er etterkvart prega av mange kraftliner, motorsportssenter og nytt skytebaneanlegg for Flora, samt at vegen til Svelgen går rett gjennom. Likevel finns her enno stader der du ikkje ser liner, eller høyrer støy frå veg, motorsport eller skyting. – Berre stille.
Ingenting er så spennande som å ligge ute under open himmel ei frostnatt i oktober og høyre hjorten brøle.
Her er gode moglegheiter for å få sjå hjort, og vi leiger og ut hjortejakt.
Langs fjorden er det fleire fine fiskeplassar i begge fjordane, vi har og båt som kan nyttast til fiske.