Inn på Kolbjørntunet
Kolbjørntunet er i ein prosess for å bli godkjent som ein del av Inn på tunet (IPT), som er tilrettelagte og kvalitetssika velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.
Kolbjørntunet tilbyr tilrettelagt arbeid/arbeidstrening, for alle i trygge og trivelege omgjevnader på garden. Her kan ein vere med på dyrestell, gå i skogen og oppleve det gode samarbeidet på tvers av generasjonar og funksjonsevne.
Kolbjørntunet 4H gard
Ein 4H-gard er ein open gard som tar imot barn, unge og voksne til pedagogisk tilrettelagt besøk. Noreg har i dag rundt 30 4H-gardar med ulike storleik, driftsform og eigarskap. Hovudmålet er å synliggjere kva som skjer på ein gard med både plantar og dyr. Kolbjørntunet ventar på godkjenning for å bli 4H-gard, og vil vere med å auke kunnskapen om økologiske samanhengar, matproduksjon, dyr og natur.
Kolbjørntunet ønskjer grupper velkommen til å vere med å stelle dyra og gå på ein tur i skogen og leite etter spennande ting. Saman kan vi lage og server sunn og god mat på bålet, ved sidan av gode historier og levande musikk. Vi nyttar naturen rundt oss og maten er basert på mottoet «frå fjord og jord til bord».
Musikk og kultur frå Kolbjørntunet
Musikk er ein stor del av liva til oss i Kolbjørntunet. Vi har pianist, trekkspelar/kvedar, cellist/balettdansar, folkemusikkutøvar på fele og hardingfele, vi syng viser og vi syng i kor. Vi kan stille med underhaldning til ulike høve, frå bryllaup til fødselsdagar, basar eller møter.
Ta gjerne kontakt i god tid.
Kolbjørnbloggen
Små og store hendingar i Kolbjørntunet