Den nye høyvogna

Tørrhøy med restaurert høyvogn

Denne helga har vi tatt inn tørrhøy av andreslåtten. Det er første gong på lenge at den gamle hestehøyvogna har vore i drift. Hilda Sofie og morfar Kolbjørn har jobba i sommar med å restaurere den gamle vogna. Resultatet vart bra og høyet kom trygt i hus.

Høysesongen på hell

Hesjing – ein fin fellesaktivitet

Å hesje kan vere veldig kjekt, dersom sola skin og mange jobbar i lag. Denne sommaren har ikkje vore så varm, men vi har stått på og fått mykje gras i hesajane, og vi har mange trivelege medhjelparar. Når alle tek i eit tak er det inga sak å sikre vinterfôr til dyra.

 

I dag har små og store avslutta høysesongen med å hoppe i høyet-  og kose seg med slåttegraut.