Dagboka frå Kolbjørntunet
Kva skjer i Kolbjørntunet på Grov?
Med små historier og bilde vil vi vise noko av det som skjer i Kolbjørntunet på Grov, der vi er opptatt av å jobbe saman.
For oss er det viktig at folk og dyr har det bra, og vi legg vekt på å bruke ressursane rundt oss. I tillegg er alle vi som høyrer til i Kolbjørntunet glade i musikk og kultur. På bloggen kan du lese om alt frå lamming og skogsarbeid til konsertar.
Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko.