Kven er vi – kva vil vi?
Kolbjørntunet er eit namn vi har tatt i bruk , nettopp fordi det bur noko så sjeldan som to Kolbjørnar her i same tun.
Vi har eit mål om at at Kolbjørntunet på Grov gard skal vere ein stad der menneske som treng noko anna enn den vanlege travle kvardagen kan oppleve meining og ro i møte med dyr, natur og fysisk arbeid. Gjennom Inn på tunet og 4H ynskjer vi å gje trivsel, utvikling og meistring.
Aktivitetar kan vere; Delta i dagleg stell av dyra, kløyving av ved, såing og arbeid i kjøkkenhagen, hesjing, raking, lære å slå med ljå og setje opp hes, skogsarbeid med sag eller øks, følge eit tre fram til ferdig materiale, bygge gapahuk, kløyving og stabling av ved, stell av skog, planting, turgåing med innlagt hjortekikking, køyring med hest og vogn. Turar til sjøen, evt fiske med stang eller garn.
Vi kan og tilby opplegg med mat på bål under fanene ”frå jord til bord”, og «frå fjord til bord”
Haustsafari med overnatting under open himmel eller under ein heller kan og vere ein spennande aktivitet.
Nokre av aktivitetane høver for 4H-klubbar, andre for enkeltpersonar eller små grupper.