Velkommen til gards
Kolbjørntunet og Grov gard ligg i Flora kommune, midt mellom Florø og Eikefjord. Litt for seg sjølv, men samstundes veldig sentralt. Det er to gardar som nyttar namnet Grov , dei inom elva, og oss i det vi kallar Kolbjørntunet.
Garden har mykje skog og stor utmark, men lite dyrka jord. Her har budd folk lenge, garden er nemnd på 1300-talet, og nede ved sjøen kan ein finne spor etter steinalderbusetnad.
I gamle dagar hadde dei både kyr, sauer og geiter på garden. Dei jakta på hjort og fugl, hogg tømmer og ved i skogen, dei fiska i sjøen og hadde det etter måten bra.
Vi som eig og driv garden no heiter Kolbjørn og Brynhild. Brynhild er oppvaksen på garden. Vi bur på garden i lag med Kolbjørn senior, som er far til Brynhild, og med to av borna våre som enno bur heime. Vi prøver etter beste evne å stelle garden, dyra og skogen.
Dyra i Kolbjørntunet
På garden har vi no ca 20 sauer, tre hestar, to hundar og ein katt. Etterkvart kjem vi til å utvide med både kaniner, høns og ender – og kanskje eit par geiter.
Produkta vi sel frå dyra er kjøt, ull og skinn frå sauene. Hestane brukar vi til å ri på, køyre med, og litt i arbeidet på garden. Det meste av dette går via Nortura, men dersom du vil kan du kjøpe produkta rett frå oss.
Jorda til Kolbjørntunet
Vi prøver å ha ein åker med poteter, gulrøter og ymse anne grønnsaker og urter kvart år. I tillegg har vi bringebær og jordbær og litt frukttre. Deler av åker og bærhage ynskjer vi at gjerne 4H-klubbar kan vere med å stelle, t.d. gjennom ”frå jord til bord” –prosjekt. Ein kan då kome på garden, spa og vende åkeren, så sine eigne frø og følgje dei fram til ferdige plantar. Kanskje får vi til ein andelsgard i framtida?
Vi prøver å ha så mykje tørt høy som mogleg til dyra våre. Det betyr at vi tørkar høy på gamlemåten i hesjar. Hesjing er kjekt og sosialt når vi er mange! Og så lagar Brynhild verdas beste slåttegraut etterpå!